16
Mar 2023

Sliteneliten + Villskudd spiller på Hamar teater

Sliteneliten + Villskudd spiller på Hamar teater

Sliteneliten

Sekstetten Sliteneliten tok bygd og by med storm med sitt no utselde sjølvtitulerte debutalbum i 2021. No er bandet tilbake med oppfølgaren, Me kan'kje sei nei te da som e bedre.

Med poppete kraftballadar, folkete visesongar med 70-talsschwung, rockete rockelåtar og med tekstar så tettpakka av meining at vokalisten nesten rappar, byr Sliteneliten opp til dans på vollen og allsong om å krevje sekstimers arbeidsdag, ete dei rike, gje bønder ordentlege vilkår, knuse kapitalen, og om å skape ei betre verd med fridom, hus og dus for alle, ikkje berre for dei få.

Albumet er som eit musikalsk 1. mai-tog, med parolar som «nei til gruvedumping i fjordane» og «ja til sekstimers arbeidsdag». Men sjølv om Me kan'kje sei nei te da som e bedre er eit politisk album, byr Slitenelitens tekstunivers på mykje meir enn proklamatoriske kampsongar. Her finnes òg genuine skildringar av eksistensiell angst, tru og tvil.

Med eit grumsete komp pynta med tverrfløyte og fele blir tanken fort sendt i retning før 00-tallet til band som Amtmandens Døtre, Ym-Stammen og Tramteatret. Det har òg blitt kviskra om The Raincoats blant publikum. Samstundes er ikkje Sliteneliten noko nostalgisk «alt-var-betre-før»-band. Få norske band har den same evna til å ta pulsen på si eiga samtid og skildre korleis det er å skulle greie seg som ung vaksen i ein tidsalder prega av kriser.

Sliteneliten består av odelsjentene Synneva Gjelland (gitar, vokal, piano) og Thea Marie Kvam (trommer), gartnar Silje Strøm (tverrfløyte), lyddesignar Ylva Gülpinar (gitar) og studentane Inga Haugdahl Solberg (fele) og Maria Refsland (bass).

Villskudd

Etter at koronaen raserte store deler av det norske rockemiljøet, har Villskudd steget opp av asken og fått et rykte som både antagonister og kult-band i Østlandets rocke-miljø. Bandet er i starten av tyveårene og kjennetegnes ved utgåtte lakksko, flekkete penskjorter, og høylytt insistering om at det skal være n' roll etter rock. De er hadde sitt gjennombrudd med EP'n Fallitten våren 2022, og slipper sitt debutalbum Alt er annerledes 10. mars 2023. De har spilt på alt fra Rockerfeller til Flisa Camping, og er oftest sett kjørende rundt i en Volvo Duett fra 1968, eller en Opel Blitz, 1953.

Hvor: 
Hamar teater, Strandgata 23, Hamar
Når: 
16/3/23 19:00
Arr: 
Hamar teater
CC: 
150,-
Klikk her for billetterKlikk her for event på Facebook

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få informasjon om våre arrangement og utgivelser rett i din innboks

Takk for påmeldingen!
Oops! Noe gikk galt, vennligst prøv igjen