26
May 2023

Døden på Oslo S: Sliteneliten spiller på Økernsenteret

Døden på Oslo S: Sliteneliten spiller på Økernsenteret

Sekstetten Sliteneliten tok bygd og by med storm med sitt no utselde sjølvtitulerte debutalbum i 2021.

No er bandet tilbake med oppfølgaren «Me kan'kje sei nei te da som e bedre».

Med poppete kraftballadar, folkete visesongar med 70-talsschwung, rockete rockelåtar og med tekstar så tettpakka av meining at vokalisten nesten rappar, byr Sliteneliten opp til dans på vollen og allsong om å krevje sekstimers arbeidsdag, ete dei rike, gje bønder ordentlege vilkår, knuse kapitalen, og om å skape ei betre verd med fridom, hus og dus for alle, ikkje berre for dei få.

Albumet er som eit musikalsk 1. mai-tog, med parolar som «nei til gruvedumping i fjordane» og «ja til sekstimers arbeidsdag». Men sjølv om «Me kan'kje sei nei te da som e bedre» er eit politisk album, byr Slitenelitens tekstunivers på mykje meir enn proklamatoriske kampsongar. Her finnes òg genuine skildringar av eksistensiell angst, tru og tvil.

Med eit grumsete komp pynta med tverrfløyte og fele blir tanken fort sendt i retning før 00-tallet til band som Amtmandens Døtre, Ym-Stammen og Tramteatret. Det har òg blitt kviskra om The Raincoats blant publikum. Samstundes er ikkje Sliteneliten noko nostalgisk «alt-var-betre-før»-band. Få norske band har den same evna til å ta pulsen på si eiga samtid og skildre korleis det er å skulle greie seg som ung vaksen i ein tidsalder prega av kriser.

Hvor: 
Økernsenteret, Oslo
Når: 
26/5/23 22:15
Arr: 
Flott Gjort, Nationaltheatret
CC: 
130
Klikk her for billetterKlikk her for event på Facebook

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få informasjon om våre arrangement og utgivelser rett i din innboks

Takk for påmeldingen!
Oops! Noe gikk galt, vennligst prøv igjen